Fra boka "Slik vi husker det" (201) Dei som gjekk i Englandsfart med skøytene dei første åra av krigen, hadde ein stri tørn der både tyskarane og styggever var motstandarar. Ein av dei som var med, Alfred Langøen som no er busett på Hosteland, fortel her om eit av dei drama som utspela seg i Nordsjøen i 1942. Me gjekk ut frå Lerwick på Shetland i april 1942 med M/K «Frøya», fullasta med krigsstoff og olje, for me hadde ein lang tur framfor oss, me skulle til Tromsø. Båten var 64 fot lang, og ein god sjøbåt. Det var ein fiskebåt frå Alesund traktene. Kursen vart sett øst eit kvart nord, for me ville koma oss inn på tremilsgrensa så langt sør som råd var slik at me fekk fylgje med fiskebåtane nordetter kysten. Fiskarane hadde ikkje lov å gå lenger vest enn ut på tremilsgrensa. Etter to døgn nådde me fyrste målet og endra kursen til nord til øst, men då me hadde gått til kl. 19 om kvelden det tredje døgnet, kom eit tysk sjøfly. Det var ein Heinkel 118. Fyrst gjekk det forbi oss, gjorde ein runde og kom att rett bak oss med kurs rett over båten, berre 40-50 meter over oss. (202) Me hadde ein dobbel Strip, Lewis montert på atterenden og på begge sidene hadde me ein enkel Lewis. På bakken framme var ein Colt montert. Den doble og den eine enkle Lewis'en skaut me med mot flyet, og me såg at me traff den eine av dei som sat framme i flyet, for heile fronten var bare glas så det var godt å sjå dei to karane der. Det var 0. Bergsvik som skaut med den enkle Lewis'en, og han planta heile magasinet i høgre motor så han stogga då flyet var litt bak oss. Men då slepte flyet ei bombe som traff oss bakom maskinruffen. Den gjekk tvers igjennom båten, ned gjennom dekket og ut på babords side i atterenden. Styreroret til bomba låg att på dekket vårt der holet var. Bomba eksploderte først etter at ho kom i fri sjø, men eksplosjonen var så kraftig at han slo laus stilken i båten. Han som skaut med den enkle Lewis'en fekk slengd seg frampå dekket på styrbord side, og han som sto med den doble slepte skulderstykki så dei for rett opp, og bomba slo dei av nett før ho gjekk igjennom dekket. Braadland,den noverande admiralen, som var sjef og som me skulle setja i land i Noreg, sa med det same: Der for Langøen. A nei, var svaret han fekk, ikkje han denne gongen. Båten vart mykje lekk slik at maskinen stogga. Eg fekk med eit par mann og trekte ein presenning under båten bak slik at me fekk tetta holet noko. Resten av karane auste ut vatn og me klarte å halda det ei stund endå om det såg håplaust ut. Me heiste seglet og byrja segla på sørvest for det var fin bris frå nord. Me fann snart ut at båten måtte lettast for lasten og me starta med å lempa oljefat på sjøen. Det hjelpte noko, men vannet steig kor me lensa. Me klarte å halda han flytande eit par timar. Flyet hadde etter bombinga sett kursen mot nordaust, men måtte sleppa heile bombelasta 300-400 meter frå oss. Det vart retta ein kanon mot oss før det bomba oss, men han som styrte kanonen var truffen med ein gong. Då me sist såg flyet hadde (203) det sterk slagside, så det hadde nok ikkje lenge att. Det vart no eit fly mindre i Noreg, til å patruljere ute i havet med. I båten auka vatnet endå om me tok ein del av fata og hadde fram på bakken for å letta trykket på lekkjasjen. Så sette me ut livbåten slik at den var klar. Men den var så liten at den rymde ikkje alle mann. Det var ikkje rare greiene me vart sende ut med. Livbåten var på 12 fot, utan tankar eller anna utstyr og berre to par årar. Alt han kunne ta var 5 mann, men me var 9. No var gode råd dyre. Eg fekk ordna med at det vart laga ein flåte. Me tømde oljen av fire fat. Så tok me bommen og sagde i to og batt saman med fati med turt tau. Etterpå tok me bingskota og la på tvers oppå og batt alt saman med turt tau som ville krympa når det kom i vatn. Å spikra var det ikkje gagn i, det ville snart riksla laus ute i sjøen. Me fekk flåten vår ferdig medan telegrafisten arbeidde på harde livet med å kalla opp England, men han fekk ikkje svar. Til slutt vart apparatet øydelagd av vatnet. Flåten var gjort klar. Me hadde vatn og ein boks kjeks, ein del ulleppe og to soveposar. Alt vart surra fast på flåten, og leidaren ga ordre om kven som skulle gå i livbåten og kven som skulle på flåten. Ved 24-tida gjekk «Frøya » ned, og dei på flåten kom seg fint klar då båten sank. Dei fire på flåten var ved godt mot, og det siste dei sa til oss i livbåten var at me måtte skunda oss og henta hjelp. Me starta å ro sør ein halv vest. Det gjekk fint for me sto rett undan vinden heile natta og neste dag. Me laga til eit provisorisk segl, og då gjekk det endå betre med farten. Men i 2-tida vart det stilt og me måtte byrja ro att. Me rodde fire mann i toft og det gjekk bra. Om kvelden kom eit tysk sjøfly vestover heilt ned til vatnet. Det var så nær at me måtte leggja oss flate i båten. Det gjekk så langt vest at det kom i den kursen me hadde gått med «Frøya». Då svinga det nordnordost og me såg ikkje meir til det. Me rodde att, og heldt same kursen heile natta til neste morgon. (204) Ved eittida dreia vinden over på vest, og no vart det meir stamp. Då natta kom vart det så tungt at me berre måtte andøva på vinden, og slik låg me heile natta til det lysna av dag. Då vart me samde om at me fekk ro mot aust og prøva å koma oss inn til norskekysten og få tak i ein båt å gå til Shetland med. Me sigla og rodde mot aust, og det gjekk fint. Men mat og vatn hadde me ikkje. Vatnet var øydeagd av sjøvatn, og kjeksa hadde me mist i stormen om natta. Me hadde skif tast om å ta ein blund bak i båten, men det vart det snart slutt på. Tørsten byrja å gjera seg gjeldande, og eg hadde nett lagt meg ned då eg såg at den eine tok ausefatet og drakk sjøvatn. Eg fekk slått det fra han, men han var alt «tørna» så han ville berre hoppa på sjøen. Så tok me ei line og batt han, men det vart ikkje meir av svevnen min for det hadde vorte utrygt i båten. Alle satt berre og glodde på kvarandre. Me heldt fram med kursen vår til det leid fram på natta. Vinden spakna men det var nokså stor sjø etter stormen. Me rodde på aust heile natta og neste dag såg me fjella i Noreg. Då var det at gutane livna til att, det vart tent nytt mot i alle og han som me hadde bunde vart løyst for han lova at han skulle vera roleg. Det var fyrste gong han var i robåt, han var halvt finne. Ja, me rodde til me såg unnelandet men me var ikkje sikker på kvar det var for det var så lite siktbart. Me såg eit fyrtårn, og det trur eg sikkert var Utrøane utanfor Kinn. Men så vart situasjonen håplaus att. I 4-5 tida fekk me ein friskande vind frå ost-nordøst og det var ikkje tale om å ro lenger på same kursen. Båten klarte ikkje å vaka lenger, sjøen slo han halv i eit vekk. Det vart ny rådslaging, kva skulle me no gjera? Det var triste greier, berre ha så lite att og så måtta snu. Men kva anna kunne me gjera når me ikkje greidde meir. Me var samde om at det ikkje var tale om å ro lenger på vinden. Me måtte setja undan vinden att og prøva koma oss til Shetland, for me hadde fire mann som venta på hjelp på flåten. Kursen vart sett nordvest, og ved 6-tida om morgonen byrja me segla og ro, og slik heldt med det gåanden heile dagen. (205) Det var då kuling av aust-nordaust, men då natta kom måtte me ta ned seglet og leggja oss til å andøva for å halda båten på sjøane. Det var ei tung natt med andøving og ausing. Sjøen slo inn i eit vekk så det var ikkje tale om å tenkja på svalt eller tørst. Me var blaute nok utvendes. Då det lysna av dag sat me to mann med årane og heldt båten med baugen på sjøane. Me måtte ta det rolig og la båten gå med atterenden føre for heile havet var berre i brot over alt. Tre mann skiftast om å ause for vatnet kom inn alle vegar i dette nøtteskalet vårt. Båten virka ikkje større mot Nordsjøen som me låg og baska i. Det gjekk fort mot vest med oss likevel, like til vinden løya ei stund om ettermiddagen. Då vart gutane urolege att. Dei ville berre ha vatn, og så såg me land i eit vekk. Me såg Utvær og me såg Fedje, og me såg heilt klårt Halmengrå, men det var berre «smørland» alt saman, som me såg i ei skodde av fantasi. No tørna både Furevik og Johansen i tillegg til han me hadde frå før, og så sat me to mann med kvar si åre i framrommet og rodde. Det var Bergsvik og eg. Eg fekk lurt frå Bergsvik revolvaren som låg på tofta ved sidan av han med fullt magasin. Revolvarane til dei andre hadde eg kasta på sjøen. Eg tok ut magasinet av Bergsvik sin revolvar, det var ikkje skot i løpet. Mens vi sat slik og rodde «tørna» Bergsvik. Han sat og fantaserte om at me var komne inn til Utvær og at der låg to motorbåtar. Den eine var ny båt med gamal motor, den andre gamal båt med ny motor. Sjølv ville han ta den med ny motor i, men eg ville ta den nye båten. Brått fata han revolvaren som låg på tofta, sette han i brystet på meg og sa: Eg skal drepa deg. Så trykte han av, men der var ikkje skot. Så måtte eg slå han i hovudet med min revolvar så han svimte av. Han låg i framskuten, eg hadde bunde hendene hans, til han vakna, men han klårna litt etter kvart og fortalde kva han hadde vorte så sint for. Han hadde fått eit samanbrot og var ute av fatning, men var så bra att at et løyste han slik at me (206) kunne setja oss til å ro med kvar sin åre. Og slik rodde me til ut på kvelden. Mens me sat slik kom det ei kvit sky imot oss, og ut av skya vart det sagt: «Hald ut Langøen, så vert de berga». Eg trudde eg fantaserte, men så såg dei andre på meg og spurde om eg høyrde kva røysta sa. Og eg måtte svara det at det gjorde eg. Slik fekk me styrke att alle saman, og eg høyrde ikkje meir om mat eller drikke av nokon, og alle vart heilt rolege. Det kom ny vind og me laga eit drivanker av ein kjeksboks og ei tofte som vart slept femten favnar framom båten, men han la seg på tvers slik at me måtte sleppa ei vassbøtte ned over same lina. Då låg båten fint, men me måtte sitja med årane og halda han. Då braut sjøen seg ut på toften. Slik heldt me det gåande heile natta alle mann. Det var den tyngste natta me hadde. Det provisoriske ankeret gjorde at me låg fint og dreiv så sakte at me ikkje fekk inn så mykje sjø. Dei klarte å ausa det ut etter kvart. Me låg på same måten til ut på dagen. Då kom det ei haglbyge og eg klarte å berga kvar sine ni hagl, og dei var så store at me fekk sløkkja den verste tørsten. Etterpå kom sola fram, og då vart det litt lettare. Om ettermiddagen såg me ein dampbåt men den kom ikkje den vegen me var. I kveldinga såg me land. Me hadde sett det lenge både Bergsvik og eg, men me våga ikkje snakka om det for me hadde vorte lurte så mange gonger før av «smørland». Men denne gongen var eg sikker for eg såg at det braut opp på land og så kjende eg fyret, som var Muukle Flugga. Men då alle var klåre over at dette var alvor, då vart det liv i gutane. Me dro inn ankeret og sette oss til å ro fire mann i toft og den femte skudde på med dei bak. Me rodde rett undan vinden som nå var løya og gått over på nord, men endå er eg viss om at ein 10 år gamal unge hadde rodd forbi oss, så utslitne som me var. Me rodde rett unna vinden, som var spakna, og mellom haglbygene skein sola. Me fekk samla oss kvar sine 10-12 hagl slik at verste tørsten var slokt. Etter omlag ein time kom det to (207) båtar, ein destroyar og ein tankbåt, og me sette opp ei åre med litt av ein skjorte på i ronga bak i båten. Dei fekk sjå oss på destroyaren og kom rett på oss. Det vart spurd om me var fiskarar, men dei fekk snart vita at det var den norske marine. Ein nettingleidar vart hengd ut, og dei fire første kom seg fint opp, men meg gjekk det tregt med. Eg var skadd i eine foten etter roren av bomba som trefte båten, men eg kom med då opp. Alt som var i båten vår vart teken ombord, og båten heiste dei opp på dekk. Me sjølve vart hjelpte ned i salongen, men ein av karane var så frossen og tjukk i føtene at dei måtte skjera støvlane av han. Kapteinen på destroyaren fekk beskjed om dei fire på flåten, og han sette med ein gong telegrafisten i arbeid med å kalla på London for å få lov til å gå på leiting etter flåten, og at det måtte sendast ut fly for å hjelpa dei som sat på fire oljefat i Nordsjøen. Me var alle viljuge til å vera med ut på leiting, men kapteinen fekk ordre om at han måtte gå der han eigentleg skulle, og dermed vart det ingen tur for oss med destroyaren. Skipet gjekk til Lerwick med oss, og me hadde det fint ombord. Med det same me var komen ombord hadde me alle fått kvar sitt glas whisky, og jamen vart me godt på ein kant alle saman. Hadde det virka slik kvar gong, ville det vore billig å koma litt på ein kant av whisky. Men nå hadde me vore sju døgn utan mat og vatn, og var så utmatta at det var lite motstandskraft att. Neste morgon då eg kom på dekk, var alt utstyret lagt opp ibåten vår, og båten hadde dei malt kvit som han var før. Men kulehola etter at flyet som kom over oss andre dagen hadde skate på oss, var på plass. Dei hadde me tetta med den kvite skjorta mi. To av karane våre var så dårlege at dei måtte liggja i sjukelugaren, men me andre vart sette til bords for å få oss mat. Det var skrale greier, ein kjeks og ei halvt glas mjølk kvar, kvarannan time. Me kom inn til Lerwick ved 3-tida om natta, og kl. 10 om føremiddagen vart me henta med båt frå land. To mann måtte på sjukehuset, me andre tre vart køyrt til den norske leiren der me fekk eta alt me ville. Men det gjekk gale, to av oss fekk (208) magesår som har gjeve oss mykje «trouble» seinare, me levde over krigen begge to. I leiren hadde me det fint, men tanken på om dei på flåten hadde fått hjelp, plaga oss mykje. Major Mitchell kom på besøk, og han sa det var sendt hjelp. Det same sa fleire andre, men alt dagen etter fekk me høyra noko anna. Ei norsk dame som var gift på Shetland hadde vare oppe med klede og sko til oss, og me gjekk i sivil, men det varde ikkje lenge. Ein kapteinløytnant sa at dei tre båtane som var sende ut til hjelp, måtte snu inatt fordi dei hadde treft på tyske fly 15-20 kvartmil nord av Muukle Flugga. Då flya snudde, hadde to av båtane halde fram mot posisjonen der « Frøya» gjekk ned, medan den eine gjekk inn til Baltasund. Nå vart det spørsmål om me ville gå ut på ein ny tur, og me svarte at dersom det gjaldt leiting etter flåten vart me med. Det var det. Me gjekk på kontoret til major Mitchell og fekk uniformar, og gjekk om kvelden ut med skøyta «Olaf ». Det var ein god båt, som gjorde ca. 8.5 mil. Fyrste dagen i sjøen kom det eit tysk fly over oss, men det ensa oss ikkje. Då me hadde gått i 32 timar var me komne fram til rett posisjon. Me starta leitinga med å gå fem kvartmil i firkant, og auka på til ti kvartmil og så vidare til kvelden kom og me ikkje kunne sjå meir. Då var me komne opp i eit minebelte og me måtte stå to mann ved rekka for å skua unna hornminene frå skutesida. Dei gjekk av ved 10 pund trykk. Så snart det vart lyst, tok me opp att leitinga, og været var fint. Me heldt det gåande til i 7-tida om kvelden. Då kom det eit fly som me sa var tysk, men kapteinløytnanten sa det var eit Catalina og starta med å morsa til det. Han spurde om dei hadde sett flåten. Han fekk ikkje svar, men flyet stupte ned framfor oss, og då såg også kapteinløytnanten hakekorset. Då slutta han å morsa. Sjølv sto eg i styrehuset og kommanderte alle mann til våpna. Flyet kom rett mot oss, og då avstanden var 600-700 meter åpna det eld. Det hadde tre 20 mm kanonar og 4 maskin gevær, (209) så det var nett som ei haglkave over oss av kuleregn og sjøsprut. Då det snudde for å prøva koma på langs av båten, var det mannen i styrehuset som måtte snu båten slik at han kom på tvers. Då vart det minst skotlengde på båten. Me skaut med alt me hadde og trefte fint. Neste gang flyet kom over oss vart eg såra, der eg sto i styrehuset. Ein treffar frå kanonane knuste leggene og eine låret då granaten eksploderte. Då det kom neste gong hadde eg fått sett meg ned på ein krakk for å greia å styra. Nå var Johansen truffen i sida, og tredje gang fekk han som var bak på båten ein splint av ei maskingeværkula i låret. Det var kapteinløytnanten, og han kom fram i styrehuset og sa me måtte slutta å skyta og overgje oss. Han ville vinka med ein kvit handduk. Men då fekk han sin revolvar for panna med ordre om å gå til våpenet sitt. Han gjekk med ein gong, for han skjøna det var alvor. Han var ein av dei som når båtane gjekk til Noreg sto på kaien og sa at me ikkje måtte overgje oss, men skyta oss sjølve om me ikkje greide det. Flyet kom att og hadde fått fylgje av eitt til. Dei skaut og slepte bomber. Dei trefte ikkje, men båten for bort over sjøen som om han gjekk i ei steinrøys. Johansen vart treft ein gong til, og han som sto framme med colt'en men han skaut like godt. Berre ein mann var usåra då flya kom igjen og mykje lågare. Men det gjorde det betre for oss som kunne skyta etter flygarane. Dei to Dornier 24 flybåtane hadde visst fått nok nå, men eg veit ikkje om kor mange bomber dei slepte på oss. Det brann godt i dei to flya då dei sette kursen mot aust, og tre andre fly som var komne til gjekk ikkje til åtak. Bergsvik som låg framme med colt'en hadde fått ein granatsplint i hovudet, og båten såg fæl ut. Ikkje master, dekket var traspa sund og styrehuset var som ein sil. Åtaket hadde halde på i 25 minutter, men sanneleg var det lange minutter. Me sette kursen vest til sør, slik at me kom ut av den kursen som tyskarane hadde, og gjekk slik til midnatt. Då skifta me til sør til vest. (210) Han som ikkje var såra tok roret, og me andre var forbundne. Det gjekk fint med oss som var såra då me klarte å stoppa bløinga med bomull og gassbind. Sjølv laga eg meg krykkar av kassefjølar og hivde meg frampå. Kapteinløytnanten med splinten i låret hørde me ikkje meir til. Han fekk vera kokk og var flink til å koka, men hadde mykje arbeid med å ordna opp i byssa før han fekk koma i gang med å laga mat. Han visste han måtte vera snill gut, elles fekk han seg ei kula. Me andre hadde revolvaren hengjande laust, så det var ikkje greit å vera stor mann her ombord. Det var ikkje på kvar tur me hadde ein kapteinløytnant til å koka for oss. Etter å ha gått i 23 timar såg me land, og eit par timar seinare kom me opp til vaktbåten. Det var ein driftar. Dei fekk vita kven me var, og at me ville inn til land, men det fekk me ikkje lov til før dei hadde fått svar frå London. Det ville dei ikkje få før neste dag, no var det i 8-9 tida om kvelden. Endå om me sa me hadde såra ombord, fekk me ikkje gå inn. Det var berre ein ting å gjera. Eg ba Bergsvik og ein til om å halda seg klar med Colt'en og sette full fart på båten inn til Baltasund. Vaktbåten kom etter, men me gjekk ifrå han. Festningen skaut eit varselskot framfor oss då me kom under land, men me morsa til dei og sa kven me var, og at me hadde såra ombord. Me fekk svar om å gå til kaien og med det same me var inne kom det dokter ombord. Det var mange «snore gubbar» på kaien, mellom anna ein flygeneral. Vaktbåten kom opp på sida av oss, og løytnanten ombord banna over oss nordmenn, men det skulle han ikkje ha gjort. Generalen bykste inn på styrehustaket til vaktbåten og slo til løytnanten midt i fjeset, og hivde lua og trøya hans på sjøen. Han fekk beskjed om at frå nå av var han gast. Generalen spurde oss om me ville vera med og gå ut for å ta opp kampen med vaktbåten, og me sa ja, men dei på vaktbåten ville ikkje. Det vart gjeve beskjed til Lerwick om at me var i Baltasund, og at me måtte hentast. ShetlandsLarsen gjekk ut med ein gong med «Andholm», men det gjekk for seint med ein slik båt, og flyadmiralen fekk oss alle ned i ein flybåt som (211) gjorde 40 mil. Me trefte «Andholm» på vegen, og Shetlands Larsen gjekk for å ta «Olaf » på slep til Scalloway. I Lerwick var me køyrde til sjukehus med ein gong og teke hand om, men det var for seint. Dei fleste døde. Av oss tre som hadde hatt den harde roturen miste me Johansen, som døde etter at han kom på sjukehuset. Det vart ei stor sorg over dei som me ikkje fekk ha med ut att. Etter at Johansen var død, vart me to andre sende med fly til Skottland til det norske sjukehuset, der professor Holst og kaptein Worsleff opererte meg og lappa meg saman att.
Tips, kommentar, send epost: Send Mail