Informasjonsskriv til Lindås idrettslag sitt turkort    2016/2017

 

 

Lauvåsåsen (3 km t/r)

Start: Sti startar på vegen mot Risa knapt 1 km frå Kårdalskrysset på oppsida av vegen.

Ein annan sti startar frå Lauvås-sida.

Posten: Ved varden. 110 moh.

 

·        Kolåsfjellet (4 km t/r)

Start: Sti startar øvst i Kolåsfeltet, evt kan ein gå frå Sundsbø eller Fanebust. 

Posten: Ved varden. 217 moh.

 

·        Skausnøya (4,2 km t/r)

Start: Sti startar ved busstoppet på Våge/Vågseidet, eller frå Skauge. Ein kan òg ta stien frå Fjellsbø.  Sjå kart på ut.no

Posten: Ved varden. 363 moh.

 

·        Selivarden (4 km t/r)

Start: Sti startar anten på Fjellsbø , på Vefjell på Myking eller frå Vik/Seljelid

Posten: Ved varden. 392 moh.

 

·        Austrevatnet rundt, Myking ( 4,6 km t/r)

Start: Ved bom på Hodnekvam der veg til Hodnelia fiskeoppdrett startar. Gå innover vegen eit stykke, først på  asfalt, så på grusveg. Der vegen går ned mot sjøen, tek ein av til venstre inn i skogen. Sjå etter skilt. Dette er ein runde. Stien er merka med raude plastdingsar, elles føl ein skogsveg.

Posten: Boks med klype i skogsvegen.

 

·        Mykingskogen.

Start: Tre alternativ: Anten frå Ugleåsen på Skauge og innover skogsvegen. Frå svingen etter nedkjørsel til Nævdal (Lauvållen) sjå skilt på venstre side av vegen eller frå bedehuset på Myking. Alle vegane går på fin skogsveg. Flott også på ski.

Posten: Klypa ligg i grøn postkasse langs skogsvegen midt i skogen.

·        Langevatnet frå Lyngfjelltunnelen ( 3,5 km t/r)

Start: Parker ved bommen sør for Lyngfjelltunellen. Følg skogsvei innover, når du kjem til vegskille, tek du til høgre. Følg skogsvei til du kjem til ei furu merka med brøytestikke i tau. Der går stien inn til venstre. Følg stien til du kjem til furu merka med VABØ/LANGEVATNET, der følger du stien vidare mot Langevatnet. Følg så stien som er merka med brøytestikker i tau til du kjem ut på ein skogsveg, då tek du til høgre, og etter 50-100 meter er du ved Langevatnet der det heng tang i ei furu på neset.
Følg skogsvegen tilbake, det er eit vegskille, der held du til venstre.(Dersom ein tek til høgre får ein ekstra sløyfe på ca 2 km så det kan vera eit alternativ viss ein vil ha ein litt lengre tur).

Posten: På eit nes  ved Langevatnet.

 

·        Austlendingen ( 8 km t/r) Start: Ved Eikefettunnelen. Parker på venstre side av vegen, kryss vegen. Stien byrjar på høgre sida av  hovudveg. Sjå kart på ut.no

Posten: Ved varden. 812 moh

 

·        Ådneburen (14 km t/r)

Start: Kjør til Andvik  i Masfjorden og innover sommarveg til Meisedalen. Der startar turen oppover dalen. Først i terreng, så i steinur og deretter terreng att

Posten: Ved varden.  797 moh.

 

·        Vardetangen, Fonnes, Austrheim. Noregs vestlegaste fastlandspunkt.

Start: Anten ved Vardetangen hurtigbåtstopp eller molokaien i nordre Fonnesvågen (3,2 km t/r). Du kan også gå ein runde (4,8 km t/r), sjå skilt.  Flott badestrand på vegen med gapahuk, grillar, toalett.

Posten: Ved varden

 

Naturen kallar, eg må ut J