Intervju

Intervju med Asbjørn Daae

 

9.april 1940 kom krigen til Noreg. No er det 55 år sidan krigen byrja. 
Eg skal intervjue ein av dei som var ungdom under krigen, Asbjørn Daae frå Frøyset. 
Han budde både i Masfjorden og i Bergen under krigen .

Me møtte Asbjørn i vegen på Frøyset. Han var i godt humør, 
og det såg ut som han gledde seg til intervjuet. 
Me gjekk inn i ei varm og koseleg stove. 
Sola skein inn i vindauga medan han sat på sofaen og snakka om krigen.

Hugsar du korleis krigen kom til Noreg ?

Asbjørn tenkjer godt etter før han svarer: Eg hugsar veldig godt den dagen krigen byrja. Eg var vel nesten 13 år. Det var ein tirsdag, og det var veldig fint vær. Det var ein mann som fortalde at "no var det krig her hjå oss og." Han gjekk i rute mellom Fanebust og her. Nesten heile dagen frakta han flyktningar

Budde du mykje i Bergen under krigen?

Nei, det var på slutten, det. Det var siste krigsåret eg gjekk på handelsskule i Bergen. Der opplevde eg to bombeangrep. Asbjørn blir fjern i blikket og fortel vidare. Det første var litt utanfor Laksevåg. Tett attmed ein bunkers, låg det ein skule som heitte Holen skule. Dei bomba heile området, og mange skuleborn og folk omkom. 4 veker seinare var eg flytta frå Laksevåg til Øvregaten, og då kom det eit flyangrep om natta. Det flyet kom heilt utan forvarsel. Det var eit engelsk fly som vart skote ned over Bergen. Det prøvde å halde styringa, og slepte bombene.Dei bombene var det som øydela Engen og borte ved det Store Lungegårdsvatnet.

Møtte du mange tyske soldatar, spør eg vidare, og han svarer :

Ja, ikkje her heime. Her heime var det ein sjeldan gong at det var tyske soldatar. Det var ein masse tyske soldatar her i april -45, men då var eg ikkje heime. Då gjekk eg på handelsskulen i Bergen . Då skulle engelskmennene sleppe flyslepp inn i Matrefjella, og så kom alt ned rundt her på Frøyset. Då rapporterte lensmannen med ein gong opp på Matre, og då kom han Wagner. Han kom ut med sine soldatar. Noko vart sleppt i eit vatn, og ca.25 år etter var det froskemenn nede og skulle ta det opp att. Då var alt rusta, men bajonettane var så innsmurde i fett at dei var like heile."

Korleis var tyskarane mot dykk?

Asbjørn hadde fått eit godt inntrykk av nokre av tyskarane som var der. Dei var veldig beskjedne og høflege. Dei var ute på marka med nokre lyttegreier, trur dei prøvde å finne ut om her var radiosendarar.

Hugsar du nokre spesielle hendingar under krigen?

Eg hugsar ein episode då det kom ein flyalarm. Det var seint om kvelden, det var kaldt og ein og anna blålys. Eg og ein kamerat gjekk ein tur, då flyalarmen gjekk. Då fekk me verkeleg fart på oss. Flyalaarmen gjekk ofte, men det var mange gonger falsk alarm.

Vart det bomba i Masfjorden ?

Nei, det var ikkje eit bombenedslag i Masfjorden som eg veit om. Eg trur det var eit engelsk fly som var skada ein gong. Det flyet kom inn i Masfjorden , og prøvde å stikke seg vekk inne i Andviks-fjella. Det var ein episode fyrste krigsvinteren. Asbjørn reiser seg og peikar ut glaset og fortel at han gjekk rett ovanfor husa og såg eit fly. Det hadde ganske lag høgde. Han sprang bort på en haug, det hadde stor fart, og sveia. Flyet var borti løypestrengar, og det var på hengjande håret at det flyet ikkje styrta, fortel han.

Korleis var tilgangen på mat ?

Heime hjå oss trur eg det var ingen som svalt, men ute i Bergen siste handelsåret, om ikkje eg hadde hatt med mat, so hadde eg svolte, heilt sikkert. Her hadde me ei kyr, så det var smør, melk og me hadde poteter, fisk, kalvar og sauer.

Hadde de rasjoneringsskort?

Ja, det var nesten ikkje ein ting dei kunne få kjøpt utan rasjoneringskort, f.eks. poteter, smør osv.

Korleis var det med radioar?

Me hadde ikkje radio. Det var mange som hadde radio, men tyskarane tok dei. Det var nokre som hadde gøymt radioane.

Fekk de vete mykje frå utlandet?

Asbjørn svarer at dei fekk vete om ting frå utlandet av dei som hadde hemmeleg radio. Dei hadde som regel gøymt dei oppe i urane.

Var det nokon som vart tatt vekk her ifrå, spør eg vidare.

Det var ein lenssmann herifrå som vart sendt vekk. Me fekk ein ny lensmann her, han var NS-mann, men han var grei han. I staden for å arresteree folk, advara han dei først. Han vart ikkje straffa etter krigen, fordi det var mange som møtte opp og sa at han istaden for å arrestere dei, hadde han hjelpt dei. Asbjørn fortel vidare om ein til person som vart send vekk. Det var ein offiser som vart arrestert. Det som gjer at eg bugsar han så godt, det var at ca. 8 dagar før krigen byrja, var det gudsteneste på Frøyset, så han var heime på permisjon. Eg hugsar at han sa at innan 8 dagar so kom han sikkert til å bli sendt vekk . Han vart seinare sendt til Tyskland, til tysk fangeleir, eg trur det var Sacksenhausen.

Kva kan me lære av det de har opplevd?

Me som opplevde krigen, synest den var forferdeleg. Eg trur at alle som har opplevd krigen, dei ynskjer nok ikkje noko sånt om att. De får jo vete mykje frå filmar og lærebøker, seier Asbjørn, og han fortel vidare. Ein ting eg vil fortelje, det er at den dagen krigen var slutt, så hugsar eg at dei hadde hengt opp norske flagg på fiaggstengene, og då skjøna eg at krigen var slutt. Det var ein mann som var komme til lands med båt, han var truleg NS-mann, fordi da ban såg dei norske flagga, skjøna han at krigen var slutt og han vart heilt kvit i andletet. Etterpå snudde han og reiste att. Me feira heile natta, eg la meg ikkje før klokka var 04.00.

Forsvann tyskarane fort?

Nei, dei vart sendt til integreringsleirar. Det var eit skip som skulle til Matre og tyskarane ville ha pass. (Asbjørn blir alvorleg i blikket). Det var ein som låg og sov, og då kom han Wagner inn og rykte i han, den stakkars mannen. Mannen skvatt opp og Wagner skaut han rett ned. Då krigen var slutt, fann dei ikkje Wagner med ein gong. Dei fann han etterpå, då han hadde kledd seg ut som ein marinesoldat, men folket gjenkjende han og sende han vekk. Så var me ferdige. Eg takka for intervjuet, og vart sitjande litt og prate. Det var eit svært interessant intervju og eg trur at alle vil ha nytte av å vist litt meir om det andre opplevde under krigen. Skrive av Tonje Romarheim, 9. kl. Nordbygda skule.

Tips, kommentar, send epost: Send Mail